Logg inn

Om forholdet mellom subjektive og objektive føresetnader for politisk omvelting

skrevet av Per Selle ved Institutt for sammenliknende politikk ved Universitetet Bergen

publisert 09.04.2023

Detailimage
I denne artikkelen skal vi se på hvordan Furubotn ser på forholdet mellom teori og praksis, noe som fører med seg et særleg syn på forholdet mellom basis og overbygnad. I tillegg ser vi på alliansebygging. Til slutt en vurdering av hvordan Furubotn legger vekt på nasjonale og internasjonale faktorer i politikken.
Per Selle (f. 1954) ble i 1986 dr. polit. på ei statsvitskapleg avhandling om norsk kommunisme 1945–1950. Han er no professor ved Institutt for sammenliknende politikk, Universitetet i Bergen. I 1998–2003 var Per Selle ein del av forskningsleiinga for Makt og demokratiutredningen i Norge. Han har forska mykje i leiing, organisasjon og styring i frivillige organisasjonar og endringar i grensesettinga mellom offentleg og privat verksemd. Denne artikkelen frå 1989 er ein av dei mest innsiktsfulle som finst om Peder Furubotns utvikling av ideologi og strategiar for å oppnå ei samfunnsforandring i Norge.


«Eg fekk inntrykk av en veldig sterk personlighet som representerte politikken på en så dynamisk måte at det ikke bare appellerte til intelligensen, men like mye til følelsene hos en (Arnold Andersen)

I. Innleiing

Peder Furubotn høyrer med til dei mest markante og omstridde personane i norsk arbeidarrørsle. Han var generalsekretær i NKP frå skipinga i 1923 til 1925, og formann frå 1925–1929. I perioden 1930–1938 budde Furubotn i Moskva og han har vore medlem både av presidiet og eksekutivkomiteen. Ikkje nokon annan nordmann har hatt slike høge tillitsverv så lenge i den kommunistiske rørsla. Frå årsskiftet 1941/42 til hausten 1949, då han vart ekskludert under dramatiske omstende, var han på nytt generalsekretær i partiet og dermed den reelle leiaren. Denne artikkelen handlar ikkje om den store politiske innsatsen hans, men omhandlar hovudtrekk ved Furubotn sine politisk-ideologiske tankar. Artikkelen er såleis ikkje meint å vurdera Furubotn si rolle i norsk arbeidarrørsle. Det er heller ikkje rom for å systematisk analysera Furubotn sine tankar i forhold til andre kommunistiske tenkjarar. Men vi har skrive artikkelen fordi vi meinar han er ein særeigen tenkjar. Politikksynet som han etterkvart utvikla som medlem av den internasjonale kommunistiske rørsla har sterke fellestrekk med det som seinare den eurokommunistiske rørsla sprang ut av: eit kvart land sin rett til å ha si eiga form for sosialisme og til å leggja vekt på eigen tradisjon. Men også etter at Furubotn sluttar å vera kommunist i vanleg meining har han politiske tankar om personleg ansvar, produktivitet, miljøproblem og svolt som er originale, og som på ingen måte har mista aktualiteten sin.ii

Når vi skal vurdera Furubotn si politikkforståing må vi ikkje gløyma hovudtrekk ved den internasjonale rørsla han arbeida innafor og var ein del av fram til han vert ekskludert. Linjeskifta i rørsla tyder at «sanninga» har vore mykje relativ, samstundes som ein kvar nasjonal leiar alltid må ha støtte i sentrum – Moskva. Til langt inn på 1950-talet er det utenkjeleg at ein som kommunistleiar ikkje anerkjenner Sovjet si leiande rolle som sjølvsagd. I eit system der absolutt lojalitet er ein føresetnad, må ein derfor trø mykje varsamt om ein har avvikande meiningar og vil overleva politisk. Det gjer det til ein vanskeleg jobb å få fram særdrag og avvik, så vanskeleg at det lenge vart oppfatta som ein uinteressant problemstilling. Hadde ein kjennskap til Moskva sine ønskje kunne ein utleia den nasjonale responsen direkte. Denne artikkelen føreset at det ikkje er slik. Ikkje noko system er så monolittisk at det ikkje er rom for variasjon, og Peder Furubotn sto for slik variasjon. Mykje varsam må ein likevel vera i tolkingane, så ikkje resultatet er ein relativisme utan grenser, der ein får kommunistar til å meina det stikk motsette av kva dei verkeleg meinte. Furubotn var del av den kommunistiske rørsla, og det var ingen ting han heller ville vera enn det, samstundes som det han sto for ikkje er identisk med kva rørsla søkte å fremja til ei kvar tid. Analysen vår vil søkja å få fram det særeigne hos ein som er del av rørsla, ein som var internasjonalist kanskje meir enn nokon, men som samstundes ville byggja ein kommunisme som var tufta på det norske.

Vi skal i denne artikkelen sjå korleis Furubotn ser på forholdet mellom teori og praksis, noko som fører med seg eit særleg syn på forholdet mellom basis og overbygnad, og dermed på alliansebygging. Så skal vi vurdera korleis Furubotn legg vekt på nasjonale og internasjonale faktorar i politikken. I siste delen, som vi har kalla politikk og kjensler – politikk og moral, skal vi argumentera for at ikkje berre legg Furubotn særleg vekt på ideologien si rolle, han er langt meir aktørorientert (individorientert) og orientert mot det moralske og psykologiske enn det som var vanleg i kommunistrørsla elles. Vi ser også langt meir kontinuitet i Furubotn sine politiske tankar etter at han sluttar å sjå seg sjølv som del av den kommunistiske rørsla enn det som er vanleg.

II. Teorien si rolle i politikken

I norsk arbeidarrørsle har teoretisk interesse og skolering hatt ein lite sentral plass. For Furubotn var dette eit teikn på kor tilbakeliggjande den norske arbeidarrørsla var samanlikna med deler av kontinentet. For han sto alltid teoretisk skolering heilt sentralt, og her skil han seg ikkje berre frå hovudstraumingane i DNA, men også frå hovudstraumingane i sitt eige parti.

For Furubotn var den politiske teorien sjølve verktøyet ein samanfatta den empiriske røyndomen med, og utan ei slik samanfatning såg han fornuftig politisk handling som umogleg. Det tyder at teorien ikkje skulle vera abstrakt og absolutt, men heile tida ta omsyn til endra føresetnader i samfunnet rundt ein. Det var einskapen mellom teori og praksis som var målet, men ein slik fruktbar einskap kunne ein berre nå dersom ein hadde brei teoretisk kunnskap, dvs. var i stand til å føra saman objektive og subjektive føresetnader. Marxismen var sjølve vitskapen, dvs. rettleiing til handling. Furubotn søkjer såleis å vitskapleggjera politikken. Politikk skal ikkje berre springa ut av erfaring. Furubotn var i heile sitt politiske virke svært praktisk orientert trass i omfattande teoretisk skolering. Dei teoretiske utgreiningane hans er alltid relatert til konkrete oppgåver av politisk art som må løysast. Han oppsummerer synet sitt slik i juni 1946 i eit føredrag på partiskulen:

«Hvis vi glemmer teorien og bare blir praktikanter, trenger vi etter hvert stadig større nummer i sko og mindre nummer i hattestørrelse. Omvendt: blir vi tørre teoretikere, graver oss ned i abstrakt teori, blir vi som et frukttre som fryser om vinteren – bærer ikke frukt. En og samme foreteelse, å dueliggjøre seg som ideolog og organisator». (SOT-notat).

Furubotn ser mykje dynamisk på forholdet mellom teori og praksis. Tar vi utgangspunkt i artikkelen (tale) NKP og Militarismen heilt tilbake frå 1924, finn vi sentrale trekk som går att i heile hans periode som aktiv partipolitikar. I denne perioden finn vi hos Furubotn ei sterk understreking av kvifor arbeidarklassen har slik ei sentral rolle og kvifor voldeleg revolusjon er nødvendig. Dette er heilt i samsvar med det vi allment finn i den kommunistiske rørsla. Vi finn likevel ikkje den økonomiske determinismen som kom til å dominera i den kommunistiske rørsla frå midten av 1920-talet. I diskusjonen om samfunnsmakt og samfunnsovertaking fokuserer på Furubotn særs lite på økonomiske forhold. Det er det politiske nivå, og ikkje minst det ideologiske nivå som står i sentrum.

I dag blir Gramsci si kulturelle tilnærming framstilt som unikt i denne tidsperioden.iii Ho seier at det gjeld å ta frå borgarskapet det kulturelle og ideologiske hegemoniet, noko som er ein langvarig, men nødvendig føresetnad for samfunnsomvelting. Av mange blir det framstilt som den viktigaste innovasjonen i vestleg marxisme i mellomkrigstida. Tilsvarande politikksyn finst langt på veg utvikla hos Furubotn alt frå tidleg på 1920-talet, men utan den same vektlegginga på dei intellektuelle si rolle. Hos Furubotn er det ikkje dei intellektuelle i seg sjølv, men det ideologisk sterke partiet som skal vera særleg formidlar mellom topp og botn i samfunnet, og det også intellektuelt og moralsk. Partiet skal tolka grunnplanet sine interesser i nær kontakt med dei, men sjølv må partiet ha ein breiare horisont for å kunna fylla denne rolla. Men politisk endring er ikkje mogleg til ei kvar tid. Det må vera strukturelle føresetnader til stades som mogleggjer endring, men dette er aldri nok. Skal ein vera i stand til å rykkja framover er ein avhengig av forståingsramma til det handlande subjekt. Det kjem vi attende til.

Furubotn gjev alt i 1924 greie for kvifor borgarleg ideologi er dominerande i arbeidarklassen, og seier at dette er tilstrekkeleg for at revolusjon er umogleg. Ein heilt nødvendig føresetnad for endring er at ein frigjer seg frå borgarskapet sitt ideologiske herredøme, eller som han sjølv seier:

«Arbeiderklassen må løsrive seg frå borgerskapets åndelige undertrykkelse, fra det mektige våpen hvorved makthaverne gjør arbeiderklassen til en lydig og undertrykt klasse i samfunnet. De må frigjøre seg fra illusjoner som er blitt påtvunget av utenforstående krefter. Det må skapes en revolusjonær rettsbevissthet, der må foregå en ideologisk revolusjon, som er den første betingelse for at arbeiderklassen skal kunne føre revolusjonær kamp». (Furubotn 1924, s. 5).

Perspektivet er vidare utdjupa i Vårt partis kommunalpolitikk frå 1928. Her forklarer Furubotn korleis det borgarlege demokrati har utspelt rolla si historisk. Her er han på linje med Komintern. Tillegget hans er likevel av stor interesse. Det borgarlege demokrati har berre utspelt rolla si for dei revolusjonære, ikkje for klassen eller massen. Her gjev han oss eit innblikk i korleis han tenkjer seg at klassen må «oppdras». Han ser det som ein stegvis prosess, men han klargjer aldri i skriftelege dokument om, i kva grad, og korleis ein kan missa kva ein alt har oppnådd.

Den manglande trua hans på ei hurtig revolusjonær endring, er eit særskilt trekk ved Furubotn si politikkforståing. Ein finn aldri hos Furubotn den tradisjonelle revolusjonstrua og revolusjonsromantikken som lenge kjenneteikna kommunistrørsla. Dette heng saman med den sterke vekta han legg på det ideologiske aspektet, og den djupe innsikta hans i kva rolle ideologi spelar for dei som skal omforma samfunnet. Folk sitt ideologiske nivå samsvarer ikkje med eit revolusjonært medvit. Og, for Furubotn er det alltid folk – aktørar – som eksisterer i politikken, ikkje abstrakte «krefter». Han er i uvanleg grad orientert mot individet. Han framhevar at det er ein lang veg å gå før ein kan vinna fleirtalet for revolusjonen, eller som han sjølv seier:

«..., men før vi oppnår dette er det en veldig utvikling å gjennomgå. Arbeidermassene må løsrives fra enhver illusjon, fra enhver småborgerlig ideologi. De arbeidende masser må frigjøres fra de reformistiske lederes innflytelse» (Furubotn 1928, s. 32).

Utan å bryta ned det ideologiske hegemoniet til borgarskapet er revolusjonen eller maktovertakinga umogleg. Politisk mobilisering føreset at politikken ser logisk ut frå aktørsynspunkt. Politikken si rolle er såleis i stor grad å arbeida for å endra styrkeforholdet mellom dei ideologiske posisjonane, for dermed å skapa føresetnad for å endra styrkeforholdet mellom klassane. Etter krigen kjem det politiske – ideologiske nivået til å spela ei enda meir dominerande rolle i tenkjinga hans.

Furubotn sitt syn på korleis politisk endring går føre seg er som vi ser mykje dynamisk. Det er eit stadig forsøk på å føra saman skiftande strukturelle og individuelle forhold. Når såleis ytre omstende endrar seg, må derfor også politikken sitt innhald endrast. Ein finn få evige «sanningar» hos han, og ein finn aldri eit eindimensjonalt syn på transformasjonen frå kapitalisme til sosialisme. Men, det er alltid denne transformasjonen som er det sentrale. Alt han skriv er ein teori om revolusjon eller maktovertaking, ein politisk teori, der det er den ideologiske kampen som avgjer. Verdiar, kulturell tradisjon, tru, myter m.m. spelar ei heilt avgjerande rolle politisk. For det kommunistiske partiet gjeld det å utvikla ein ny integrert kultur, ein slags motkultur, som kan stå mot den borgarlege ideologien. Ein må driva ein altomfattande kulturkamp for å innlemma massane i ein revolusjonær og samtidig nasjonal populær kultur. Dette er for Furubotn ein nødvendig føresetnad for ei vellukka mobilisering. Endringar i medvitet er ein nødvendig og integrert del av strukturell endring. For Furubotn er såleis revolusjonen ikkje sjølve maktovertakinga, men ein total revolusjon. Alle deler av det sosiale liv, alle dimensjonar ved det menneskelege liv, er del av revolusjonen.

Dette har konsekvensar for synet hans på klassane og dermed på alliansebygging. Furubotn sitt syn på forholdet mellom klassane står i det store og heile fast frå tidleg på 20-talet. I dette fundamentale spørsmålet endrar han aldri standpunktet sitt vesentleg før etter 1949. Alt i 1924 seier han at revolusjonen ikkje berre er for arbeidarklasen, men også for funksjonærar, fiskarar, småbønder og andre som er undertrykte. Ein kan hevda at dette er vanlege fraser innan den kommunistiske rørsla, men hos Furubotn er ikkje dette eit spørsmål om taktikk. Sjølv om han alltid set arbeidarklassen i fremste rekke så lenge han er med i kommunistpartiet, skal alliansane med andre grupper vera reelle, dvs. strategiske og ikkje berre taktiske. Det gjeld å utvikla ein samla politikk, ein heilskapleg politikk som alle desse gruppene har objektiv interesse av. Men det avgjerande er at ein går fram på ein slik måte at ein verkeleg ser det er i samsvar med eigne interesser. Ei mobilisering der dei allierte fungerar meir som gislar er ein framand tanke for Furubotn, fordi politisk omvelting er noko som gjeld på lang sikt. Uansett intensjonane bak Komintern sin politikk, står Furubotn alltid fast på dette standpunktet. Det har samanheng med forståinga hans av ideologien si vekt – som og omhandlar det subjektive i politikken. For Furubotn er politikk både logikk og kjensle på ei og same tida. Ein let seg ikkje mobilisera politisk utan at ein opplever at det tener ein materielt, intellektuelt og kjenslemessig. Det sentrale vert dermed å skapa ei motrørsle til borgarskapet som skal vera oppdragande og som samstundes er heilskapleg.

Under og like etter krigen endrar Furubotn og kommunistpartiet syn på hovudmotsetnaden i samfunnet. No går han mellom den unasjonale delen av kapitalen – monopolkapitalen, og folket. Det tyder at også deler av borgarskapet bør mobiliserast i kampen mot den internasjonale kapitalismen. Desse tankane, ikkje særeigne for det norske partiet, har samanheng med dei endra tilhøva som krigen skapte. For Furubotn er poenget at krigen gjennom dei motsetnader som der kjem fram, har opna augo til folk. Alle veit no kven den unasjonale monopolkapitalen er. Desse kreftene må politisk og dermed maktmessig isolerast. Situasjonen er for Furubotn kvalitativt annleis enn før krigen. I så måte er krigen for Furubotn ikkje berre ei forbanning, han «åpner det skjulte ansikt» (SOT-notat), dvs. han tydleggjer kven som er kven. No er vi inne på noko av det heilt sentrale i Furubotn si politiske tenking. Som utprega prosesspolitikar eller dialektikar om ein vil, finst det inga statisk omverd for Furubotn. Ein realiserer ikkje mål innanfor faste rammer. Når såleis ytre omsende endrar seg, må ein nytta nye verkemiddel om politikken fortsatt skal vera revolusjonær, dvs. framtidsretta. Sjølv seier han at det i visse periodar kan vera hensiktsmessig «å inngå allianser med fanden selv» (SOT-notat).

Dette er også perspektivet hans under krigen. Alle krefter må samlast mot hovudfienden – den tyske okkupasjonsmakta. Furubotn gjekk sterkt ut mot dei i partiet og elles som ville avsetja konge og regjering. Han seier:

«Det er tullprat. Det er kilden til den ufruktbare radikalismen, hvor man ikke tar utgangspunkt i realitetenes innhold, men i visse former for handling» (SOT-notat).

Ei utsegn om problem i motstandskampen, kastar lys over dynamikken i tenkjinga hans:

«Jeg har alltid sagt i disse årene at problemet bestod ikke i å føre kampen mot Gestapo, men oppgaven besto i første rekke i å frigjøre vår egen tenkning, slik at vår tenkning avspeilte den nye virkelighet. For det første å rense vår tenkning for elementer som ikke svarte til den nye virkelighet i vårt land, og for det andre – som ikke var mindre vanskelig – å innrette vårt daglige liv i samsvar med den nye tanke. – Nå har vi til oppgave i vår videre organisasjonspolitikk likeså realistisk å stille oppgaven i samsvar med dagens virkelighet, og den er naturligvis anderledes enn den virkelighet vi hadde den gangen Gestapo herjet» (SOT-notat).

Det er desse endra føresetnadene som sjølve krigen har produsert som gjer at ein treng nye verkemiddel no. Den gamle defensive politikken, den avgrensa klassepolitikken som han kallar det, må gjevast opp skal ein koma på offensiven. I ei førelesning på partiskulen i november 1945 seier han:

«Krigen fremkalte en åndeleg revolusjon. Den gamle begrensede klassepolitikk som arbeiderklassen førte til 9. april, den duer ikke lenger. Den må utvides og opptas på en slik måte at selve nasjonens grunninteresser blir kjernen i arbeiderklassens politikk».

Han seier vidare:

«Sosialisme kan ikke gjennomføres i vanlig forstand. Det er maktspørsmålet det hele avhenger av. Det er spørsmålet om å slå storboursjoasiet som politisk klasse og utvikle arbeiderklassen slik at den historisk overtar den politiske ledelse av landet og i forberedelsene å rykke de spørsmålene i forgrunnen som tjener denne forskyvning i styrkeforholdet mellom de to hovedkilder» (SOT-notat).

Det er tale om ein kontinuerleg prosess, ein permanent revolusjon som går føre seg rundt ein heile tida. I same føredrag understreker han at val no spelar ei mykje viktigare rolle enn før, og at eit samarbeid med næringslivet bør koma i stand. Streik er ikkje lengre hensiktsmessig, fordi han alltid er uttrykk for ein defensiv posisjon. No like etter krigen er det arbeidarklassen som er på offensiven. Synet på streik er relativ og eit resultat av korleis omgjevnadene er. Endrar desse seg, kan streik på nytt bli påkravd. Sjølv ser han situasjonen slik i denne offensive fasen:

«Arbeiderklassen befinner seg i en fase av utviklingen hvor historien kaller på klassen at den må tre fram på den politiske arena og stille oppgaven som er selve grunnproblemet i vår epoke, nemlig produksjonssystemet» (SOT-notat).

Sidan vi så sterkt har understreka Furubotn som prosesspolitikar, skulle det framgå at vi heller ikkje ser føre oss at han går inn for ein organisasjonsmåte som gjeld til alle tider og under alle slags forhold. Slik er det og. Vi finn ingen sterk tilknyting til den russiske partimodellen , ein modell som forresten aldri vart verkeleg gjennomført i det norske partiet. Sidan eit samfunn i endring stadig krev nye verkemiddel for å nå politiske mål, må og organisasjonsforma følgja med. Ho er hos Furubotn middel og ikkje mål:

«Arbeiderklassens politiske parti avviser bestemt at en søker en absolutt riktig form for politisk organisering, en organisasjonsform som skulle være brukbar på alle trinn i den sosiale prosess. Formen for organisasjonen og arbeidsmetodene er tvert om helt betinget av særegenhetene i den konkrete historiske situasjon og av de oppgavene som utledes av denne tid. Ut fra dette standpunkt er det klart at enhver organisasjonsform og dens tilsvarende arbeidsmetoder kan forandre seg med endringen av de objektive utviklingsbetingelser for den sosiale prosess. Disse betingelser former utviklingen av partiorganisasjonen i flukt med den sosiale prosess. Omvendt kan en organisasjonsform som var blitt ufruktbar, igjen bli nødvendig og den eneste hensiktsmessige om de tilsvarende objektive betingelsene oppstår på nytt» (SOT-notat).

Furubotn trur aldri at organisasjonsform og organisasjonsstandpunkt berre speglar av preferansar og interesser i folket. Organisasjonen skal først og fremst fungera som ein mobiliseringsagent som skal påverka og endra føresetnadene for politisk handling. Det sentrale for Furubotn er å markera initiativ som kan føra klassar saman. Det er heile tida av spesiell interesse å få med dei intellektuelle, dei religiøse, kvinneorganisasjonar, kooperasjonar, næringsorganisasjonar m.m. Vektlegginga på opplysningsarbeid blir dermed heilt sentralt om ein skal vinna fram, ei vektlegging som er naturleg for ein som understrekar at hovudgrunnen til at ein ikkje når fram er av ideologisk art. Partiet er for nytt, usamansveisa, marxistisk uskolert og politisk ueinsarta, som han seier. Berre djuptgripande skolering kan hindra alvorlege ideologiske avvik som vil resultera i konsekvensrike strategiske og taktiske feilsteg. I ein slik situasjon vert det for Furubotn heilt avgjerande å avvisa både ei høgre og ei venstreline. Høgrelina ser han som ideologisk utvatning, og dermed øydeleggjande. Venstrelina er «hylende skrik på klassekriterier». Venstresida handlar ut frå slik dei ynskjer røyndomen er. I følge Furubotn er dette ufruktbar subjektivisme (SOT-notat).

Sjølv om spørsmålet om einskap i klassen og mellom klassane, og einskapen mellom arbeidarpartia er viktig for å oppnå konkrete politiske resultat, vil han aldri einskap for ein kvar pris. Det må vera ein reell einskap, og ikkje «enheten om en tømtønne» slik han karakteriserer Tranmæl sine utspel i samlingsforhandlingane etter krigen. Når Furubotn oppsummerer forskjellen på den politikken partiet må føre etter krigen i forhold til førkrigspolitikken, får vi eit skarpt bilete av korleis han tenkjer politisk. Han seier i 1946:

«Vi fører ikke opposisjonspolitikk, vi fører en realistisk politikk, en politikk med sikte på å føre den demokratiske folkebevegelse framover med sikte på å isolere reaksjonen – den annen grunnkraft – føre det hele framover. Mens vi før førte en opposisjonspolitikk som isolerte oss ... Vi står over den oppgave å utvikle aksjoner nedenfra i de aktuelle kamper. Vi har omtalt den ene siden ved bevegelsens oppgaver og dette er den andre siden som vi vil utvikle i massebevegelsen. Det er spørsmålet om enheten i klassen, enheten mellom de to partier, enheten i den demokratiske front – spørsmålet om å utvikle massebevegelse nedenfra gjennom direkte aksjoner ... hvis vi ikke vil slutte kompromiss vil det bety at vi løser oss fra den demokratiske front og lar monopolkapitalen komme inn med slag på slag på grunnlag av argumenter overfor de tilbakeliggende i klassen, i DNA, blandt demokratiske elementer framstilles det som vi var folkefientlige elementer. Her kreves en nøktern, realistisk vurdering av modenheten i den totale demokratiske fremrykking. Vi trenger kompromiss for å løfte den demokratiske front frem, derfor er de subjektive ideer som ser ensidig på oppgaven uten å se andre sider ved den, så farlige. Derfor må vi vende oss mot venstre samtidig som vi vender oss mot høyrestrømningen som betyr en prinsipiell kapitulasjon overfor de tilbakeliggende elementer» (SOT-notat).

I den kommunistiske rørsla var den vanlegaste forklaringa på at revolusjonen uteblei reformistiske leiarar sitt forræderi overfor arbeidarklassen Furubotn ser reformisme som naturleg og ikkje som svik, noko som er grunna i den sterke vekta han legg på ideologiske og psykologiske faktorar. Det overraskar han ikkje at både leiarar i arbeidsrørsla og det meste av arbeidarklassen i periodar føretrekkjer meir kortsiktig auke i levestandard framom gjennomgripande samfunnsendring. Men han går lenger. Uansett kor ille det han ser som monopolkapitalen sitt herredømme kan vera for folk, ser han dette aldri som meir enn ein nødvendig føresetnad for mobilisering og omvelting. Utan ei slik misnøye er mobilisering uråd, men det kan eksistera ei rekke strukturelle avgrensingar som gjer at ei slik misnøye ikkje slår ut i politisk handling, eller om ho slår ut, at ein likevel ikkje når fram.

III. Det nasjonale og det internasjonale.

I perioden 1945–1947, før «den kalde krigen» set inn for alvor, står dei nasjonale partia langt friare i forhold til Sovjet enn etter 1947. Frå 1947/48 vert det heilt avgjerande for Sovjet å ha nasjonale parti dei kan «stole» på, dvs. parti som ein veit handlar i samsvar med sovjetiske intensjonar. I ein spent internasjonal situasjon vert handlingsrommet til dei nasjonale partia langt mindre. Det er i dette perspektivet utviklinga i NKP i perioden 1945–1950 må sjåast. Frå 1947 må partiet finna fram til ein ny politikk. Den internasjonale situasjonen er fundamentalt endra, og den nasjonale politikken har spela falitt, m.a. fordi grunnlaget han bygde på er borte. Ein treng no nye verkemiddel, fordi partiet er på defensiven på alle område.

Furubotn hadde djup innsikt i dynamikken i den kommunistiske rørsla og han var verken ein typisk nasjonal eller ein typisk internasjonal politikar. Han såg alltid klart at rommet for ein nasjonal politikk var direkte kopla til den internasjonale situasjonen. Den nasjonale politikken må endrast når dei ytre tilhøva endrar seg. Furubotn var internasjonalist i den tyding at han alltid trudde at revolusjonen var internasjonal. Vi finn ingen stad at han trur på eit isolert kommunistisk lite Norge. Ein isolert revolusjonær politikk i Norge, ville vera ein absurd tanke for Furubotn. Derfor er han internasjonalist, og meir det enn til dømes Løvlienfløyen i partiet, som er langt mindre ideologisk orientert, men likevel minst like Moskva-orientert. Den nasjonale politikken må alltid førast i samsvar med den internasjonale situasjonen, dvs. det nasjonale og det internasjonale må sjåast som ein heilskap.

Men uansett internasjonal situasjon må partiet forstå og ta utgangspunkt i folket sine verkelege materielle og kulturelle interesser. Ein må gjera alt ein kan for å koma i kontakt med «de arbeidende masser», sjølv om det kan vera særleg vanskeleg når den internasjonale situasjon i stor grad avgrensar handlingsrommet. Utan slik kontakt kan ein likevel aldri skapa noko mot-rørsle. I vurderinga si av Furubotn gjev den tidlegare «Furubotn-tilhengjaren» Arnold Andersen følgjande etter vår meining treffande karakteristikk av Furubotn som nasjonal og internasjonal politikar:

«Det som var karakteristisk for Furubotn og som gav han en veldig ideologisk overlegenhet sammenlignet med nasjonalistene og sammenlignet med internasjonalistene, det var nettopp samtidigheten av nasjonalisme og internasjonalisme».

Kampen for Norges suverenitet (1948) og Norge skal leve og ha en framtid som nasjon (1949) gjev interessante innblikk i Furubotn sitt syn på det nasjonale element i politikken, eit syn som også kjem fram alt i artiklane frå 20-åra. Heilt sentralt står suverenitetstanken. Furubotn går langt attende i historia for å finna haldepunkt for ei sterk nasjonalkjensle, tufta på lang historisk kamp for nasjonal fridom. Her er parallellar til Sars og Koht sitt syn på framveksten av det nasjonale fellesskapet. «Suverenitetsspørsmålet er det bærende element i politikken» seier Furubotn i 1946/47 (SOT-notat), og dette går att også etter at «den kalde krigen» set inn. Men innhaldet i ein slik politikk må då vera annleis. I Vi må våkne (1951) gjev han innblikk i korleis han ser på samanhengen mellom nasjonale og internasjonale faktorar, m.a.o. etter tilspissinga har sett inn mellom aust og vest:

«Kampen for våre nasjonale interesser er ikke i strid med proletarisk teori eller med internasjonalismen. Proletarisk internasjonalisme betyr kamp mot enhver nasjonal undertrykkelse, for å skape forutsetningen for et fredelig samarbeid mellom folkene».

Og, han seier vidare:

«Vår nasjonale kamp er den avgjørende form som den proletariske klassekamp utvikler seg i ... Vår nasjonale kamp må aldri komme i motsetning til den proletariske internasjonalisme, til klassekampen» (s. 62).

Furubotn ville handla ut frå ein konkret nasjonal situasjon, men i nøye samsvar med den internasjonale situasjonen. Det var dette utgangspunktet som gjorde det til tider vanskeleg for andre å følgja utgreiingane hans. Utan å forstå dynamikken i den internasjonale kommunistiske rørsla og det «dialektiske» forholdet mellom det nasjonale og det internasjonale kan ein ikkje forstå Furubotn som politikar. Slik manglande kontekstforståing er også hovudgrunnen til at han i den grad er blitt «misforstått» både av sine eigne, av politiske motstandarar og av forskarar som er kome til sidan. (Om vi meinar Furubotn i svært liten grad er blitt forstått på eigne premisser tyder sjølvsagt ikkje det at vi her impliserer at Furubotn ikkje føretok alvorlege taktiske og strategiske feilsteg).

Vi skal ikkje her gje noko omfattande vurdering av den såkalla «venstredreiinga» i partiet frå 1947. Alt 1946 finn vi klare tendensar til ei omlegging av politikken hos Furubotn. I eit innlegg på eit instruktørkurs i september 1946 hevdar han at produksjonstanken har blitt overvurdert i forhold til det å sikra freden. Dette har samanheng med dei nye tonane internasjonalt. Igjen får vi inntrykk av korleis Furubotn sin dialektiske tenkjemåte artar seg.

«Partiet må omstilla seg med sikte på denne veldige oppgave: Kampen for freden. Betyr dette at vi skal avsvekke vårt arbeid for løsning av den store nasjonale oppgave? Nei. Dette arbeidet må forsterkes. Men vi må ha et klart utgangspunkt, slik at den store nasjonale oppgave belyses ut fra den ledende tanken: »kampen for freden». Vi må foreta en saklig vurdering av den internasjonale politikken, slik at folket ser hvilke krefter i verdenspolitikken det er som står i forbindelse med vår politiske kamp. Vi må avdekke fiendens krefter. Vi må studere vekselvirkningen mellom relasjonene ute og hjemme» (SOT-notat).

Var så Furubotn stalinist? Det avheng av kva vi meiner med omgrepet «stalinist». Ein skal vera varsam med å overdramatisera antistalinistiske haldningar hos Furubotn før 1956. I all skrift og tale, både i tidleg etterkrigstid, og etter at det blir heilt avgjerande for han å ha Moskva si støtte (frå 1947/48 av), er Furubotn ein stor Stalin-tilhengjar og Russland-tilbedar. Er dette utgangspunktet, var Furubotn stalinist så god som nokon.

Når vi les Norge skal leve og ha en framtid som nasjon (1949) og i enno sterkare grad Vi må våkne (1951), begge med ei uhemma Stalin- og Sovjet-dyrking, må vi likevel også vurdere det taktiske elementet. I Vi må våkne, der bl.a. Tito blir karakterisert som fascist seier Furubotn m.a.:

«Aldri i sin historie har det norske folk hatt en så trofast og hengiven venn som Sovjetsamveldet, som det bolsjevikiske parti, som mennesket Stalin».

Det er ikkje lite patetisk å lesa dette i dag, og i denne tida, frå årsskiftet 1947/48, er Furubotn kanskje den sterkaste tilbedaren i skrift og tale av Sovjet og Stalin i partiet. I stor grad konkluderer derfor både aktørar i hans samtid, og no også sentrale historikarar, med at han er den leiande stalinisten. Dette er ei overflatisk tolking, og kan vera ei feiltolking m.a. fordi det er einsidig vurdert ut frå skriftleg materiale og fordi det ikkje tar omsyn til sentrale strukturelle kjenneteikn ved den kommunistiske rørsla. Ei like god tolking kan vera at han betre har forstått korleis livet artar seg i ei rørsle som den kommunistiske, enn både samtidige politiske aktørar og noverande historikarar. Stalinismen hans kan også tolkast som eit forsøk på atter å koma på offensiven i partiet. Det kan sjåast på som eit fortvila forsøk på å oppnå Moskva sin gunst i den interne kampen i partiet, ein kamp han veit den som Moskva til sist støtter, vil vinna. Korleis vi moralsk bør forholda oss til ei slik form for «opportunisme» er ei heilt anna sak.

Her er dessutan fleire dimensjonar. For kommunistar i vest var «myten om oktober-revolusjonen» så omfattande og djup at det i dag er mykje vanskeleg for oss å forstå. Alle som har vore i kontakt med eldre kommunistar og sosialistar som opplevde denne tida, forstår kva revolusjonen var for dei personleg. Ein strekte seg langt for å forsvare han, alt for langt om vi krev at politiske standpunkt skal springa ut av det rasjonelle og informerte. Psykologiske barrierer kom til å hindra innsikt. Her har også Furubotn eit stort ansvar. Han var i Moskva på 1930-talet og opplevde noko av det som føregjekk. Likevel er det først i ettertid han går ut med kva han opplevde. Det kan vera fordi han er meir kynisk enn det som er vanleg, men det kan og vera fordi det er først då han verkeleg er i stand til å tolka hendingane.

Furubotn sitt forhold til Sovjet er så langt frå avklara. Vi veit at han er lojal i heile si tid som partimedlem, men han er ingen etterapar av den russiske politikken. Dette er ikkje paradoksalt. Det syner den «psykologiske» og strukturelle kontrollen Stalin, og dermed Moskva har, ein kontroll som i stor grad spring ut av sjølve Oktober-revolusjonen. At russarane aldri fullt ut stolte på Furubotn, er det ingen tvil om.v Dette har samanheng med ei rekke faktorar, kanskje også reint personlege eigenskapar ved mannen. Men truleg skapte den sterke vektlegginga hans på nasjonal suverenitet problem i forhold til russarane som avskydde ei kvar form for nasjonal politikk. Problemet var kva russarane skulle gjera med ein person «som nektet å være uselvstendig tilhenger, og som like energisk nektet å være motstandar».vi

I 1956, etter at Khrustsjov letta på sløret, kjem Furubotn med ei total avvisning av det stalinistiske system, altså lenge etter at han sjølv er kasta ut av rørsla. Det følgjande sitatet gjev ikkje berre innblikk i kvifor det var nødvendig å bryta med stalinismen, men gjev også innsikt i kor vanskeleg dette var etter 40 år med tiltru til den russiske revolusjon og det sovjetiske system. Furubotn seier:

«Alt hva jeg tidligere har sagt eller skrevet, utledet av teoretisk dogmatikk, kan dere brenne på bålet. Den sværeste kamp jeg har hatt, har vært denne frigjøring fra den teoretiske dogmatikken. Den mennesketype verden kaller på idag er de hederlige, som bruker sine tanker og handler deretter... Vi kommunister har latt oss blinde av dogmatikkens slutninger og lojalitet mot det russiske parti i den grad at det menneskelige ansvar har gått tapt. Det ligger et uhyre ansvar på oss kommunister fordi vi ikke har vært i stand til å bryte dogmatikkens lenker. Derfor har jeg sverget at den tid jeg har igjen, skal ingen være i stand til å hindre meg i å tenke og i å si fra» (Furubotn 1956).

Foredraget er eit mykje systematisk og grundig oppgjør med Sovjet sin politikk, og det endar med at han går mot all blokkpolitikk på prinsipielt grunnlag. Ikkje noko parti må etter det som er skjedd stå i eit forpliktande avhengighetsforhold til eit anna land. I foredraget oppsummerer han også det han framleis oppfattar som det berande prinsipp i «Oktoberrevolusjonen». Det er:

«prinsippet om nasjonal suverenitet, prinsippet om likeberettigelse for alle nasjoner i verden. Sovjet-Samveldets kommunistiske parti har såvel i sin innenrikspolitikk som i sin utenrikspolitikk grovt krenket dette prinsipp» (s. 20).

Frå no av står det reint personleg-moralske elementet i politikken i fremste rekke. Politikk handlar ikkje lenger i same grad om kollektiv handling men meir om individuelt ansvar, dvs. moral.

IV. Politikk og kjensler – politikk og moral.

For Furubotn er politikk som nemnd aldri berre rasjonell materiell kalkulasjon, det er alltid også eit spørsmål om kjensler. Skal ein vinna fram i politikken må ein ikkje berre tena folk sine objektive interesser, ein må også finna dei heime kjenslemessig, dvs. ein må kombinera fornuft og kjensler. Klarer ein ikkje det, vil folk aldri slutta opp om partiet, uansett partiprogram og politisk praksis. Kjenslene set klare grenser for politisk handling og skal ein mobilisera til dramatiske endringar av samfunnstilhøva, må ein treffa folk heime på ein heilskapleg måte.

Furubotn legg i langt større grad vekt på psykologiske faktorar enn det som var vanleg innan den kommunistiske og sosialistiske rørsla. Solidaritet spring for Furubotn alltid ut av det individuelle. Den reine kollektivismen er framand for han. Det individuelle og det kollektive må sjåast som eit heile. Solidaritet må difor byggjast både på eit handlingsfellesskap og eit opplevingsfellesskap.

For Furubotn vert det difor avgjerande å kunna leva seg inn i andre klassar sin situasjon. Ein kan ikkje handla rett politisk utan å forstå aktørane på deira eigne premissar. Ein må forstå frå innsida både dei grupper ein skal gå i allianse med, og ikkje minst dei gruppene ein skal kjempa mot. At Furubotn legg slik vekt på «kjensler» har sjølvsagt samanheng med den sterke vekta han legg på ideologiske forhold, og på samfunnsomforming som noko mykje langsiktig.

Sidan politikk i så stor grad handlar om kjensler blir politikk i stor grad også eit spørsmål om moral. Sjølv seier Furubotn:

«Marxismen representerer selve livet, også spørsmålet om mot, dristighet, karakterfasthet. Grunnkjernen i marxismen er at man aldri viker unna løsningen av den oppgave som situasjonen forlanger løst» (SOT-notat).

Når han kjem inn på korleis ein skal vinna fram med politikken, kjem mest alltid moralske vurderingar fram:

«Arbeiderklassen må ta førerskapet og bli bæreren av disse hverdagslige moralprinsipper på alle områder i samfunnslivet. Alt som befordrer dovenskap, manglende organisasjonsdisiplin, likegyldighet, gruppeinteresser må bannlyses. Det er betingelsene for at arbeiderklassen skal bli den store politiske kraft og i denne moralske fremrykking slå storboursjoasiet og påføre der de egenskapene som det virkelig representerer som sabotører av utviklingen av produktivkreftene, en fremrykning med sikte på å tilfredsstille folkets behov» (SOT-notat).

For Furubotn er misnøye ei stor historisk progressiv kraft, ei kraft det er viktig å mobilisera ut frå. Men misnøye i seg sjølv er aldri nok, mobilisering forutset også at ein opplever at ein kan forandra:

«Vi må sitte å lytte og være så følsomme at vi føler behovet – NKP må bli forbundet med folkets daglige bekymringer og nød slik at folket merker det. Vi må oppta deres følelsesbehov, slik at vi blir skal vi si –politiske musikere» (SOT-notat).

I alt Furubotn skriv er det ei søking etter å finna det særeigne i vår historie, i våre kulturelle, religiøse og demokratiske tradisjonar. Klarer ein det:

«har vi funnet fram til folkets sjel, og da representerer vi en ubeseierlig politikk. Folket må forstå at vi er eksponenten for deres følelsesliv» (SOT-notat)

seier Furubotn. Legg vi til det positive synet hans på og forholdet hans til dei religiøse er dette særeigne tankar i kommunistrørsla (SOT-notat).

Etter at Furubotn blir ekskludert frå partiet, og spesielt etter oppgjeret med stalinismen, spelar det moralske og individuelle ansvar ei endå viktigare rolle i Furubotn sine politiske tankar. Samstundes blir den sterke trua hans på vitskapen i «folkets tjeneste» vidare utvikla. Dei tekniske vitskapene overtar rolla til marxismen, i alle høve marxismen slik han vanlegvis blir forstått. I den grad Furubotn framleis er marxist forkastar han trua på at marxismen kan gje svara på alle ting og at vitskapleg arbeid skal springa ut av partiet sitt behov. Ein må sjå fordomsfritt på kva vitskapen oppdagar. Både i det voldsomme engasjementet hans i anti-atomvåpen kampanjen på 50-talet, og i arbeidet hans for å vekkja ein opinion mot svolten i verda, ser vi kor sterk framtredande den moralsk-individuelle dimensjonen no er. (Furubotn 1962, 1963, 1969a, 1969b, 1971). Sjølv seier han det slik:

«Det bærende prinsipp i politikken i vår tid kan nemlig ikke være prinsippet om makt, om vold, om krig. Det kan bare være prinsippet om lov, rett og orden» (Furubotn 1956).

Eller som han seier:

«Tidligere var det jo alltid snakk om kollektivet. Men nå er det individet det gjelder. Jo større kollektivet er jo mindre er fornuften. Men det er fornuften som må avløse den fysiske makt. Det er det enkelte menneske og dets karakter som må utvides.»

Det er ikkje noko nytt at Furubotn er opptatt av moralske og etiske problem – verdiproblema i politikken – det er meir at han i endå sterkare grad vektlegg individuelt ansvar på kostnad av kollektivt ansvar. Heile tida har han sett moralske problem og dermed legitimitetsproblem, som spring ut av at ein har sagt ein ting og gjort det motsette. Det gjeld både for kommunismen som system og for den einskilde kommunist som handlande politisk menneske.

Det går såleis an å argumentera for at det er meir kontinuitet enn brot i Furubotn si politiske tenking sjølv om han slutta å vera marxist i vanleg meining. Det er ikkje slik at han var kollektivist og blei individualist. Det er heller ikkje slik at han blir opptatt av moralske spørsmål og produktivitetsspørsmål først på 1950-talet. Men ramma vert ei anna og handlingsrommet med etter at den internasjonale kommunistiske rørsla ikkje lenger bind som før. For det første er ikkje suverenitetspolitikken, dvs. vektlegginga på det nasjonalt særeigne, mindre viktig enn før. For det andre spelar Noreg si integrering i internasjonal politikk ei like viktig rolle som før. For det tredje har vektlegginga på det personlege, på det moralske og dyktige menneske – det heilstøypte menneske – vore ein integrert del av tankane hans heile tida. Dette må ikkje sjåast på som ei form for elitisme, fordi det på ingen måte føreset noko elitistisk gruppe skilt frå folket, dvs. det føreset ikkje avstand. Det er ut av denne nasjonale, internasjonale og personlege at produktivitetspolitikken kjem til å spela ei meir sentral rolle frå midten av 1950-talet. Her argumenterer Furubotn for at arbeiderane skal samarbeida med eigarar og leiing for å auka produksjonen. Den erfaringa og innsikta dei får gjennom dette meiner Furubotn vil utløysa store skapande og kreative krefter som vil resultera i maksimal produktivitet. Produksjonsvekst og demokratisering i bedriftene vil vera resultatet, dvs. økonomisk demokrati som for Furubotn tyder ei utvikling mot sosialisme. Mens Furubotn som kommunist såg føre seg at resultatet kunne vera at ein produserte kapitalismen ihjel og dermed ville gjera kapitalistklassen overflødig, ser han no meir føre seg samarbeid til nasjonens beste. I denne prosessen handlar det eigentleg om å utvikla produktivitetskreftene i samarbeid slik at dei er på høgde med den teknologiske utviklinga (Furubotn 1969a).

No skulle ein kanskje tru at Furubotn etter å ha frigjort seg frå Moskva verkeleg skulle dyrka det nasjonale. Men Noregs rolle i verdssamfunnet, dvs. korleis det nasjonale og det internasjonale heng saman, er framleis det overordna i tenkinga hans. Det kjem klårt fram i Furubotn sitt sterke fredsengasjement og i kampen mot atomvåpen, og ikkje minst i understrekinga hans av det moralske kravet om å kjempa mot svolten i verda, og kanskje også gjennom det positive synet hans på norsk medlemskap i EF. Nasjonal solidaritet må overførast til verdssamfunnet.

Framleis ser vi korleis det personlege, det nasjonale og det internasjonale heng saman og utgjer ein heilskap, dvs. det handlar no som før om samanfallet av innanriks- og utanrikspolitikken. Utan verkeleg utviklingshjelp, dvs. internasjonal redistribusjon, meiner Furubotn at nauda i dei fattige landa vil utløysa ein ny verdskrig der også atomvåpen ville bli tatt i bruk. Men samstundes kan atomenergien nyttast til å gjera dei rike landa i stand til å yta effektiv hjelp. Og denne hjelpa vil hindra at produksjonssamarbeidet berre vil resultera i egoistisk levestandardsauke. Sjølve u-hjelpa vil gje moralsk motivasjon til maksimal produktivitet. Også på 1950- og 1960-talet handla det om den totale revolusjon og om det nye menneske, sjølv om strategien, dvs. innhaldet ikkje heilt var det same (Furubotn 1969a, 1969b, 1971).

V. Avslutning.

Ideologi spelar ei heilt avgjerande rolle i Furubotn sitt syn på samfunnsomforming. I Furubotn sitt revolusjonsperspektiv, som vi har kalla eit totalt revolusjonsperspektiv, ligg det som ein nødvendig føresetnad eit normativt samanbrot i det «gamle» samfunn. Heilt essensielt er korleis han prøver å binda kjenneteikn ved individet og systemfaktorar saman.

Organisasjon kjem inn som ei sentral mellomliggjande drivkraft. Det må byggjast opp sterke organisasjonar med ideologisk kraft som er i stand til å kanalisere den misnøyen ein finn mellom folk. For Furubotn er organisasjon ikkje berre eit uttrykk for preferansar, han skal først og fremst verka skolerande og handlingsskapande , dvs. han skal brukast som eit instrument for å få folk til å forstå og kjenne kva situasjon dei eigentleg lever under. Å byggja ut det sosiale kontaktfellesskapet mellom folk med felles opplevingar blir såleis avgjerande. I arbeidet med å utvikla ein slik strategi legg han i uvanleg grad vekt på individuelle forhold der ein stiller strenge moralske krav.

Ein effektiv og ideologisk sterk organisasjon er likevel berre eit minimumskrav. Motstand frå regjering eller andre grupper kan vera så sterk at det gjer kostnadene ved kollektiv handling for store. Sjansane for ei vellukka mobilisering vil såleis vera ulik i ulike periodar, ja i visse periodar nærast fråverande. Tida etter at «den kalde krigen» set inn er ein slik periode. For Furubotn er det aldri ein tilstrekkeleg føresetnad at ein opplever stoda som urettferdig, ho må sjå foranderleg ut og. Slik er det ikkje i denne tida, og det er den fundamentale forskjellen frå tida like etter krigen. Det er ei tid utan høve til ideologisk og politisk framrykkjing. I politikksynet til Furubotn er alltid analysen av den internasjonale situasjonen ein integrert del av mobiliseringsperspektivet hans. Det gjeld både i tida som organisert kommunist og etter at han vert ekskludert frå partiet. Både i synet på produktivitet, i kampen for fred og mot atomvåpen, og ikkje minst i kampen mot svolten, er han ein pioner på 1950-talet. Tankane hans her har framleis stor aktualitet sjølv om den einvise trua på naturvitskapen, dvs. trua på teknikken som problemløysar nok er borte for godt.


Tilbake til artikler