Logg inn

Metodiske problem ved bruk av munnlege kjelder i studiet av kommunismens historie

skrevet av Torgrim Titlestad

publisert 24.10.2023

Detailimage

Mesteparten av den vestlege litteraturen om kommunistpartia inntil 1970-talet var i stor grad av spekulativ karakter. Hovudårsaka var mangel på "ekte" kjelder, dvs. pålitelege, skriftlege kjelder. Framveksten av den såkalla munnlege historierørsla på 1960-taleti opna for nye inngangar til den kommunistiske historia.

Tidligere utgitt i Arbeiderhistorie 1997, s. 159.


Prøveførelesing over oppgjeve emne til dr philos-graden ved universitetet i Bergen, fredag 22. november 1996.

Med kommunismen er her meint dei kommunistiske partia frå danninga av Den kommunistiske internasjonalen (Komintern) i 1919 til Stalins død i 1953. Det normale for desse partia i denne perioden var at dei sto under øvste leiing av det sovjetiske kommunistpartiet i Moskva, SUKP.

Studiet av kommunistpartia var inntil opninga av arkiva i Moskva i 1992 vanskeleg, då det fanst relativt lite tilgjengeleg av originalt, skriftleg kjeldemateriale frå partia sjølve. Mesteparten av materialet var såkalla propagandistiske kjelder, dvs. dokument og vedtak frå offisielle organ i partia eller den opne, kommunistiske pressa. Gjennom ei rik samling sjølvbiografiske bøker frå tidlegare kommunistar heilt frå 1930-talet var det grunn til å tru at det verkelege livet i partia og forholdet til Moskva var annleis enn det dei partioffisielle kjeldene fortalde.


Munnlege kjelder og kommunismens historie

Mesteparten av den vestlege litteraturen om kommunistpartia inntil 1970-talet var i stor grad av spekulativ karakter. Hovudårsaka var mangel på "ekte" kjelder, dvs. pålitelege, skriftlege kjelder. Framveksten av den såkalla munnlege historierørsla på 1960-taleti opna for nye inngangar til den kommunistiske historia. Forskarar tok i bruk lydbandopptakaren og filmapparat for å samla informasjon om det "eigenlege" livet i kommunistrørsla. Edvard Bull d.y., den norske pioneren i arbeidet med munnlege kjelder, omtala kjeldekategorien slik:

De beretningene vi nå kaller muntlige kilder, er skapt av historikere ... for vitenskapelige formål. Derfor vet vi atskillig mer om hvordan kildene er blitt til, enn historikere vanligvis kan vite om andre kilder. Vi har dermed større muligheter for å vurdere deres vitneverdi.(2)

Forskarane som prøvde å kasta lys over kommunisthistoria ved hjelp av munnlege kjelder, stanga ofte hovudet mot veggen. Det gjaldt når ømfintlege saker kom opp, som t.d. spørsmålet om fjernstyring frå Moskva. Som regel var informasjonen på dette feltet tynn, bygd på få informantar og utan opphav i skriftlege kjelder.

Motførestillingane frå "tradisjonelle" historikarar kom kvikt på bordet. Dei kunne til ein viss grad godta munnlege kjelder om sosiale kår, t.d. om matvanar, møblering av husvære, dvs. om konkrete fenomen. Derimot meinte dei at tankar og handlingar – abstrakte fenomen – vanskeleg let seg avleira i si opphavlege form i minnet til folk.(3) Nye haldningar ville endra dei originale tankegangane, dvs. dei ville ha "tilbakeverkande" kraft og "omskapa" dei originale, reelle minna – særleg i kontroversielle, politiske spørsmål. Dei som dreiv med minneinnsamling om kommunismen i denne situasjonen, registrerte innvendingane som så viktige, at dei tok til å studera kvart einskilt kommunistparti i eit komparativt perspektiv: Der det fanst "kvite flekkar" i eit kommunistparti, kunne ein "kompensera", dersom desse "flekkane" var "utfylte" i andre kommunistparti. Det ville framleis vera noko spekulativt over ei slik tilnærming, men ho kunne prøvast fordi dei kommunistiske partistrukturane Europa over var nokså like.


Metodiske innvendingar mot munnlege kjelder i kommunismestudiet

Dei grunnleggjande metodiske innvendingane mot bruken av munnlege kjelder i kommunismestudiet låg på to plan. Den eine innvendinga kom frå andre faghistoriske kollegaer som ikkje brukte munnlege kjelder: Dei påsto at ein ikkje kunne lita på munnlege kjelder vedrørande politiske forhold, særleg når forskarane ikkje kunne konfrontera informantopplysningane mot skriftleg materiale.

Den andre innvendinga såg dei som samla intervju sjølve, som regel fordi intervjumetodane måtte hentast inn frå andre og etablerte fag – som frå folkloristikk og sosialantropologi. Munnlege kjelder fortel ikkje berre om "hendingar", men formidlar ofte "forteljingar" om fortida. Dersom det finst nettverk av nærståande informantar eller grupper av nokså einsarta informantar – vil dei ha ein tendens til å traderaiv, dvs. "finpussa" hendingane over tid og setja dei inn i "forklarande" mønster. Kort sagt: Hendingar som individet sjølv ikkje har opplevd, men høyrt av ein annan – blir "idealiserte" og tilpassa ei "logisk" forteljing som svarer til forventingar i eit spesielt politisk, religiøst eller etnisk miljø. Denne idealiseringa skal gjerne rettferdiggjera handlingar og tankar i fortida – samt legitimera den vidare eksistensen av gruppa eller rørsla.

På norsk grunn er det folkloristen Anne Eriksen som tydelegast har gjort greie for denne typen problematikk. l boka Det var noe annet under krigen viser ho korleis dei anti-nazistiske sigerherrane i Norge etablerte ein dominerande kollektivtradisjon om krigen. Forteljinga om motstandskampen kan sjåast som ein myte på line med folkeeventyra gjennom forenklinga om nazistane som dei "vonde" og motstandsfolka som "dei gode".(5)

Historikararbeida om motstandskampen fram til no har berre utgjort ein liten og meir nyansert del av denne "forteljinga". I første rekkje er det dei eldre, aktørane sjølve, som har pensla ut og vedlikehalde "forteljinga" giennom jubileum, monument, minnebøker etc. Lærarar, fjernsynsseriar og leiande kulturpersonlegdomar plantar denne forteljinga inn hos folk flest og nye generasjonar slik at den blir eit kollektivt minne. Det sentrale for Anne Eriksen er ikkje kor sann eller usann denne forteljinga er, men at den er "et kulturelt skapt og allment vedlikeholdt bilde av fortiden".(6) Den munnlege kjelda – den levande aktøren – legitimerer ofte dette "kulturelt skapte ... bilde av fortiden".


Metodiske problem ved dei munnlege kjeldene

Historikaren Knut Helle uttrykkjer seg om allmenne metodar til å studera historia:


[…] den historiske virkelighet, fortiden, er borte for alltid... Men den har etterlatt seg spor, levninger, produkter som vi fortsatt kan studere. På grunn av eller i samsvar med slike "kilder" danner historikeren seg et bilde av fortiden..."(7)


Munnlege kjelder skil seg i prinsippet ikkje frå skriftlege. Dei er òg "levninger" vi kan studera, om vi hentar dei inn på lydbandopptakar eller på film. Dei er, som historikaren Knut Kjeldstadli seier det "spredte biter fra fortida" – som metodiske prinsipp skal omskapa til eit meiningsfullt og "virkelighetsnært bilde av hvordan det var ... Hva er grunnlaget for såkalte historiske fakta?"(8)


Som forskarar på munnlege kjelder står vi altså framfor to metodiske hovudproblem:


  1. Finna ut kor truverdig den einskilde informanten er om einskildhendingar i fortida.
  2. Finna ut kor truverdig den einskilde informanten er til å formidla tankar og politiske haldningar i fortida – ofte uttrykt i form av "forteljingar" om fortida (et kulturelt skapt og allment vedlikeholdt bilde av fortiden...)


Vi må òg vera klare over at det kan vera ein vekselverknad mellom dei to momenta, ofte i den forstand at informanten bevisst eller ubevisst silar ut hendingar/episodar som ikkje høver med sjølve forteljinga/kollektivtradisjonen dei representerer. Dette problemet må ein særskilt vektleggja, då ei munnleg kjelde til vanleg uttalar seg om hendingar som ligg langt tilbake i tid. Kjeldene kan ha gjennomgått t.d. skifte av politisk oppfatning – noko som kan påverka minneprosessen deira.(9) Dette er likevel ikkje ein nødvendig konklusjon. Øivind Vestheim konkluderte i 1981:

Det er svært interessant at det i mitt kildemateriale er stort samsvar mellom retrospektive (tilbakeskuende) og samtidige data også når det gjelder informantenes politiske syn...(10)


Målet i og materialet for denne førelesinga

I denne førelesinga vil vi konsentrera oss om dei to førnemnde metodiske hovudproblema ved munnlege kjelder i studiet av kommunismen, her konkretisert til norsk kommunisme – element av NKPs historie.


Fordi bruken av munnlege kjelder er individrelaterte, dvs. byggjer på einskildpersonens minne, vil eg ta ut ein hovudinformant og vurdera informasjonane hans ut frå dei to førnemnde perspektiva:


  1. Truverde når det gjeld hendingar.
  2. Truverde når det gjeld tankar.


Ut frå desse to metodiske hovudprinsippa vil eg prøva å rekonstruera "den fortidige virkelighet og historien som viten om tanker".(11) "Eg vil nytta Peder Furubotn som objekt, generalsekretær i NKP i lang tid på 1920- og – 40-talet. Fokus vil liggja på periodar der det knapt eksisterte skriftlege kjelder, då eg tok til å studera kommunismen frå slutten av 1960-talet. For å kartleggja "skriftlause periodar" tok eg i bruk munnlege kjelder – då eg ikkje hadde særleg forventning om å finna skrivne dokument. Eg tråla etter internasjonal metodisk litteratur, men fann lite, då hovudvekta av "munnleg historie " gjaldt sosialhistorie. På området "munnleg politisk historie" laut ein i stor grad vera autodidakt, noko ein nyleg oversynsartikkel i The journal of American History stadfester.(12) Difor vart intervjuopplegget veldig omfattande og med "finmaska garn": Sjølv perifere informantar både i og utanfor Norge vart oppsøkte og perifere saker tekne opp.


Målet var å fanga opp spor som kunne "letta" minnet til tidlegare informantar eller openberra ukjende sider ved dei kjende sakene. Frå 1968 til ca. 1990 kontakta eg ca. 250 informantar av ulik politisk oppfatning, men med eit felles trekk: Dei hadde nesten alle hatt direkte kontakt med Furubotn i einskildsaker sidan 1905. Bortimot 120 kjelder var rulla inn på lydband og ca. 20 på videoopptak med høg teknisk kvalitet. Alle opptaka er tekne vare på og kopierte, samt at det finst ca. 4000 A4 sider med avskrifter, slik at ein relativt hurtig kan orientera seg i høve til opptaka. Det er òg utarbeidd ein upublisert informantnykkel, dvs. ei kort utgreiing om kvar informant, fødselsdata, dødsår, sosial bakgrunn, politisk ståstad og politisk "vandring" frå ungdom til alderdom.(13)


Det uventa skjer – skriftlege konfrontasjonskjelder dukkar opp... Det unike i forhold til dei munnlege kjeldene kom fram, då underskrivne frå 1992 fekk tilgjenge til tidlegare topphemmelege arkiv i Moskva, bl.a. ei av Furubotns personmapper i Komintern. Ei rekkje av dei episodane som eg berre hadde munnlege informantar om, dukka brått opp i skriftleg form – som samtidsdokument frå 1931, 1937 etc. Det hadde oppstått ein situasjon der dei munnlege kjeldene kunne kontrollerast. Dei hadde fått ein slags "fasit" i Moskva. Sjølv om eg før 1992 meinte at eg hadde nokså sikkert grunnlag for ein del av den sentrale informasjonen frå dei munnlege kjeldene, måtte eg no sjå på dei i heilt nytt lys. Tidlegare sannsynleggjeringar kunne kanskje byttast ut mot etablering av sikre fakta – eller måtte vrakast.


Dei munnlege kjeldene representerte med eitt ei supplering av dei nye, skriftlege kjeldene. Samstundes kunne dei munnlege kjeldene nyttast som eit kontrollinstrument av dei skrivne samtidsberetningane. Det oppsto dessutan ein sjanse som var heilt uvanleg: Kunne funna av dei nye skriftlege kjeldene seia noko om verdien av forlengst innsamla munnlege kjelder? Kunne dei tidlegare metodiske problema ved dei innsamla munnlege kjeldene overvinnast? Kunne denne nye kjeldesituasjonen utleia ny erkjenning om verdien av munnlege kjelder utover studiet av kommunismens historie?


Innanfor tidsramma av denne førelesinga er det uråd å gå djupt inn i dette viktige problemfeltet, heller ikkje inn i eit systematisk studium av den valde informantens informasjonsunivers. Vi må ta ut nokre einskildtema som illustrerer problemstillingane våre, og vi må ta ut situasjonen – då innsamlinga av kjeldene tok til.


Dei ulike Furubotnforteljingane

Då innsamlinga av intervjua tok til i 1968 – midt under den kalde krigen – møtte eg som forskar tre relativt homogene "forteljingar" eller kollektivtradisjonar om Peder Furubotn. Innanfor kommunistmiljøet eksisterte det to klart motsette Furubotn-tradisjonar. Den eine skreiv seg frå tilhengjarane hans. Den framstilte han som ein sjølvstendig norsk kommunistleiar som ville ha ein særnorsk veg til sosialismen – basert på norske og ikkje sovjetiske premissar. Den positive Furubotn-tradisjonen konsentrerte seg om heltetida hans, dvs. krigsåra 1940–41 – som ein heilskap. Desse dramatiske åra danna utgangspunktet for "opphavsmyten" i Furubotn-tradisjonen: då "forsto" han kvifor han måtte velja ein særnorsk veg – og slo "konsekvent" inn på den. Dette kom tydeleg til uttrykk i 1940, då han – som fylgje av sin nasjonale tankegang – slo inn på motstandslina – mens sentralleiinga for NKP i Oslo fylgde ei tilpasningsline til tyskarane, i samsvar med sovjetiske ynske.(14) Denne nasjonale lina hans førte han i diskreditt i Moskva, som sto bak eksklusjonane i NKP i 1949. Snakk om alkoholisme og uryddige organisasjonsmetodar hos Furubotn vart avviste som usaklege, ryktemakeri og desinformasjon frå motstandarane hans.


Dei negative Furubotn-tradisjonane kom på den eine sida frå motstandarane hans i NKP og utanfrå – utanfrå hovudsakleg med utgangspunkt i Arbeidarpartiet – med basis i Martin Tranmæl og Haakon Lie. Desse to negative Furubotn-tradisjonane var, trass i ulike premissar, forbausande like. For det første avviste dei bestemt at Furubotn hadde stått for noka særnorsk line. Det var hans eiga oppfinning i sein ettertid – for å dekkja over at han hadde vore den mest tyskvennlege i NKP i 1940–41. Tvert om var han meir Moskva-tru enn dei andre kommunistane. Både grunna hans overdrivne sovjetvennlege politikk, uryddig organisasjonspraksis og alkoholmisbruk måtte hans eigne partifeller fjerna han frå partiet, men makta ikkje det før i 1949. Dei åtte åra hans i Moskva 1930–38 låg i mørke, dokumentarisk sett. Den samstemde oppfatninga både i NKP- og i DNA-miljøet etter 1949 var at han var blitt tvangssend til Moskva i 1930 grunna alkoholproblem. NKP hadde gøymt han bort i Moskva for at han ikkje skulle øydeleggja partiet totalt – indre sett gjennom diktatoriske metodar, ytre sett ved å kompromittera det gjennom alkoholmisbruk. Det som ingen av tilhengjarane av denne teorien såg ut til å undra seg over, var at NKP vedblei å minka etter at Furubotn vart fjerna frå NKP i Norge – heilt til Komintern i 1937 vurderte å oppløysa partiet.(15)


Dei nye dokumenta i Moskva endrar forskningssituasjonen av kommunismen

Ein kvar forskar som før 1992 gjekk inn i Furubotn-problematikken spaserte rett inn i eit minelagt felt – eller penare sagt – inn i eit særs kontroversielt emne. Kunne bruk av munnlege kjelder – klara opp i denne jungelen av motstridande oppfatningar – gjennom fokus på fundamenta for desse ulike kollektivtradisjonane einskildhendingane? Slik sto spørsmålet før 1992.


Då høvet til å sjå Moskva-dokumenta baud seg i 1992, hadde underskrivne ikkje sterke førestillingar om å finna eit mangfald av dokument til å oppklara desse spørsmåla. Ut frå småstat-tenking var det realistisk å venta seg relativt få dokument om NKP/Furubotn. I tilfelle ville dei venteleg finnast på lågare nivå i det sovjetiske partiets utanlandskanalar, truleg på etterretningsnivå. Desse førestillingane vart snøgt gjort til skamme, og skapte primært eit praktisk problem. Stilt framfor svære og uventa dokumentbunkar – ofte med diffuse stikkord i arkivoversiktene – samt tidspress for underskrivne under relativt korte opphald i Moskva – måtte det finnast ein effektiv måte til å leita i papirhaugane.


Eg tok i starten utgangspunkt i minnet til nokre av informantane når det galdt Furubotns opphald i Moskva 1930–38. Eg plukka først fram påstandar til Stord-kommunisten Henry Aas, fordi han var ein av dei som fylgde den negative Furubotn-tradisjonen etter 1949. Han kunne ikkje reknast til dei som ville "forskjønna" Furubotns opphald i Moskva. Henry Aas hadde vore elev på den såkalla Lenin-skulen i Moskva i 1930-31. Han sa at han då hadde merka at Furubotn fall i unåde grunna synet sitt på det Aas kalla det nasjonale spørsmålet. Minnet til Aas var svært diffust på dette punktet. Han kunne ikkje konkretisera kva usemjene gjekk ut på. Det var ikkje så vanskeleg å forstå. Han høyrde til elevgruppa på Lenin-skulen, dvs. til dei kommunistiske "fotsoldatane". Henry Aas hadde ikkje dei innsiktene som den utanlandske kommunisteliten i Moskva. Sett ut frå tradisjonelle kjeldekritiske kriterier var merknadene hans så godt som ingenting å byggja på. Det var likevel sannsynleg at han hadde snappa opp brokkar av diskusjonar frå høgare nivå i Komintern. Dessutan fanst det tre andre informantar som hadde opplysningar i same leia, Furubotn sjølv, den danske kommunisten Kai Molkte og den norsk-svenske ungkommunisten Rodny Öhman – som oppheldt seg i Moskva på den tida.(16)


Episode nummer 1 – frå året 1931

Eg hadde då eit val å gjera: Stødde eg meg til dei negative Furubotn-tradisjonane, ville desse opplysningane vera useriøse. Furubotn var jo ikkje i Moskva med årsak i politiske avvik – men grunna alkoholproblem. Eller skulle eg ta dei nemnde informantane på alvor? Då eg sto framfor registrantane og kartotekkorta i Moskva hadde eg kanskje høve til endeleg å få avklart dette problemet – ? Eg valde å fylgja informasjonen frå Henry Aas, og ba om materiale vedrørande Lenin-skulen i 1931. Alt i første permen dukka det opp ei liste over lærerkrefter ved Lenin-skulen, med lønn etc.(17) Der sto Furubotn oppført som lærar "i det nasjonale spørsmålet". Her låg den første verifiseringa av det Aas hadde fortalt i 1968, nesten 40 år etter hendinga. Etter mykje pågang på arkivfolka i Moskva fekk eg utlevert Furubotns personmappe. l den dukka det opp eit russiskspråkleg referat frå eit møte ved det såkalla Vesten-universitetet i november 1931. Det viste ein diskusjon der Furubotn først vart kritisert for avvik i det nasjonale spørsmålet.(18) Då han ikkje gav seg, men gjekk til motåtak – gav kollegiet han sparken som lærar. Førti stemte for å avsetja han, ein imot og to røysta ikkje. Dermed hadde Aas sitt diffuse munnlege minne fått eit skriftleg nedslag: Det eksisterte tilstrekkeleg materiale til å seia at Furubotn "fall i unåde".


Kva var årsaka til "unåden" og den fylgjande straffa?

Problemet var så å finna ut kva denne "unåden" gjekk ut på. Ifylgje minnet til Furubotn gjekk den ut på at han vart plassert på ein møbelfabrikk som vanleg arbeidar. Ifylgje den negative Furubotn-tradisjonen var årsaka at Furubotn misbrukte alkohol. Så langt hadde dei nye dokumenta svekka alkoholisme-forklaringa som eineforklaring, det som var grunnsteinen i den negative Furubotn-tradisjonen om årsakene til Furubotns Moskva-opphald. Både den negative og positive Furubotn-tradisjonen var altså samde om opphaldet på møbelfabrikken som straff, men skilde seg i spørsmålet om årsakene til straffa. På direkte spørsmål frå underskrivne til Furubotn var det uråd for han å hugsa årstalet han arbeidde på møbelfabrikken. Eg prøvde ved hjelp av andre kjelder å løysa gåta, men kom til kort. Personleg trudde eg i 1975 at Furubotn vart plassert i fabrikkarbeid etter Komintern-kongressen frå 1935. Ifylgje den tids opplysningar om verv i Komintern og NKP var det frå 1935 av at Furubotn hadde lågast status i den formelle Komintern-pyramiden. Furubotn heldt ikkje året 1936 for å vera usannsynleg, og eg skriftfesta, feilaktig, 1936 som året for Furubotns deklassering frå politisk Komintern-arbeidar til fabrikkarbeidar.(19)


Etter opninga av Moskva-arkiva kom denne 1975-dateringa i nytt lys. På veg på sporet etter Henry Aas velta nytt materiale fram, over 250 sider stenografert på tysk om eit politisk oppgjer med Furubotn i Kominterns skandinaviske sekretariat frå september 1931.(20) Det var ei overraskande oppdaging, då ingen av informantane hadde omtala dette konkrete oppgjeret, heller ikkje Furubotn. Dei talrike sidene fortalde om Furubotn som "stille sabotør" og hovudansvarleg for politiske feilgrep i NKP inntil 1930. Då han ikkje ville bøya seg for klagemåla, men tok til motmæle – gjekk drøftingane i Moskva mellombels i stå – til han vart skulda for alkoholmisbruk. Det klagemålet var midlet som fekk Furubotn til å vedgå at han hadde visse lyte som arbeidarleiar frå Norge. Han kunne plutseleg "vedgå" visse politiske feilsteg.(21) Men saka var ikkje avslutta. Den gjekk heilt til topps i Komintern. På eit større internasjonalt møte i det såkalla polit-sekretariatet i oktober fekk Furubotn gjennomgå på nytt. Så fylgde eit hemmeleg vedtak frå Komintern-sekretariatet den 11. november 1931. Det giekk fram at han skulle plasserast på ein fabrikk i 1932. Om lag samstundes kasta Vesten-universitetet Furubotn som lærar. Resolusjonen som avsette han, avslørte at han på nytt hadde gjort seg skuldig i politiske "feilsteg". Går vi lenger fram i tid – til året 1937 – finn vi nye dokument der Furubotn gjekk til åtak på Komintern-leiinga. Stalins nære medarbeidar, Otto W. Kuusinen, stempla han som fraksjonist – og truga med å forfylgja han for kritikken.(22)


Dokument i Moskva-arkivet stadfeste altså i 1992 at den negative Furubotn-tradisjonen hadde rett på eitt punkt – alkoholproblemet til Furubotn. Men den hadde utelate det sentrale saksforholdet: Furubotn var alt frå 1931 av politisk uakseptabel for Komintern-leiinga. Hovudankepunktet til Komintern kan knytast til eit dokumentert forhold – såvel frå munnlege som – etter 1992 – skriftlege kjelder: det nasjonale spørsmålet. Furubotn la meir vekt på norske faktorar enn det Komintern heldt for å vera ynskeleg (Ut frå problemstillinga for denne førelesinga ser eg det ikkje som korrekt å utdjupa innhaldet i "politisk uakseptabel" eller "norske faktorar").


Alkoholspørsmålet treng heretter ikkje kallast irrelevant, men mindre relevant. Furubotn-motstandaren Just Lippe likte å formidla ein kommentar frå Otto W Kuusinen: "Det er inte det at kamrat Furubotn super mera an oss andre, men när han super, skakar hela Moskva!"(23) Poenget er at det var vanleg at Komintern-leiarane og Kominternapparatet hadde alkoholproblem. Den danske kommunistleiaren Kai Moltke har truleg uttrykt essensen i spørsmålet om alkoholproblem i Komintern:


En bedømmelse af en sådan sag afhænger jo af, og afhang af – specielt i Moskva i denne periode – ikke så meget af hvad sagens egentlige indhold og risiko var – som af hvem der var der gjorde det...(24)


Delkonklusjon – munnlege og skriftlege kjelder om Furubotns detronisering i 1931.

Tida er inne til ein delkonklusjon. Før Moskva-arkiva vart tilgjengelege i 1992 var det berre ved hjelp av munnlege kjelder vi var i stand til å finna ut at politiske usemjer kunne vera hovudgrunn til Furubotns detronisering i Moskva. Sidan perioden 1930–38 for Furubotns vedkomande var nesten tom for interne, originale kommunistiske samtidskjelder, hefta det nokre metodiske hovudproblem til dei munnlege kjeldene som fortalde om han:


  1. Generell skepsis til munnlege informantar.
  2. Skepsis til truverdet deira – grunna upresist informasjonsinnhald.
  3. Sprik i det munnlege kjeldegrunnlaget – reflektert i ein positiv og ein negativ kollektivtradisjon om Furubotn.


Desse metodiske problema ved dei munnlege kjeldene om norsk kommunisme anno 1931 forsvann ikkje med tilgangen til Moskva-arkiva i 1992. Kontroversielle tema og lågt presisjonsnivå hos informantane vil alltid stilla forskaren framfor metodiske problem. Det er ikkje alltid sikkert han kan løysa desse problema på fullgodt vis. Men forskarkonklusjonane ut frå slike munnlege kjelder kan likevel vera faktabaserte. Moskva-arkiva gav skriftlege dokument som viste at konklusjonane mine frå 1975 var rette, trass i at kjeldegrunnlaget den gongen var tynt og kunne kritiserast. Påstanden om alkoholmisbruk som eineforklaring på Furubotns fall, kan derimot no definitivt kallast ein sentral og mytedannande komponent i den tidlegare dominerande, negative Furubotn-"forteljinga". Det tyder ikkje at den munnlege informasjonen om Furubotns alkoholmisbruk var ugrunna. Men dei politiske årsakene i denne "forteljinga" var "Silte vekk", og alkoholproblemet hadde blitt forstørra til det ugjenkjennelege. Moskva-arkivet stadfester såleis dei munnlege kjeldene som – rett nok på tynt grunnlag – påsto at Furubotn fall i unåde grunna politiske usemjer.


Episode nummer 2 – frå året 1949

Det store diskusjonsspørsmålet om norsk kommunisme etter krigen er hefta til eksklusjonen av Furubotn i 1949: Var det eit spørsmål som vart avgjort på norsk grunn eller sto SUKP bak? Vi har tidlegare nemnt den negative og positive Furubotn-tradisjonen på dette området. Som informant sto Furubotn på at det var sovjetarane som var bakmennene til Johan Strand Johansen og Emil Løvlien under oppgjeret i NKP i 1949. Furubotn fortalde ein konkret episode i denne leia. Han kunne ikkje hugsa tidspunktet, men han trudde det skjedde før Kominforms danning i 1947. Denne episoden skulle ha gått ut på at den svenske kommunistleiaren Sven Linderot kom eins ærend til han på Ljan, og fortalde at SUKP hadde oppmoda det svenske kommunistpartiet (SK) til å delta i ein kampanje mot han. Furubotn fortalde i 1971 – i ein alder av 81 år:


Men Sven Linderot var jo her på Ljan en hel dag, og informerte meg om hele greien. Men hvilken anklage hadde russerne mot meg den gangen? Den var jo så enkel: det var at min natur var slik at jeg ikke kom til å følge de beslutningene de gjorde. Og de hadde rett. Jeg diskuterte dette med Linderot. Men Linderot var kommet til at slik som den politiske utviklingen var – at hvis jeg kom på Stortinget og virkelig viste meg som en skikkelig kommunist fra Stortingets talerstol – ville Moskva si: "Nei, han der må vi beholde, selv om han er Satans førstefødte..." Iallfall ville de si: "Vi må utsette den saken der..."(25)


Som informant er det klart at Furubotn her er ei sentral munnleg primærkjelde. Men inntil 1992 var det berre han som hadde gjeve ei slik opplysning, og han var klart part i saka. Informasjonen hans var òg metodisk problematisk, då det andre "vitnet" – Sven Linderot – var død på dette tidspunktet. Då eg fram til 1977 hadde publisert tre band av ein biografi om Furubotn 1890–1945, reiste sterke, kritiske røyster seg imot Furubotn som informant. Spesielt reagerte den kjende politiske aktøren Torolv Solheim mot underskrivne sin bruk av Furubotn som kjelde:


At forfattaren lokkar fram ei underliggande mindreverdskjensle og personsnobbing hos offeret (...) (Furubotn), var å vente. Ingen kan vente at ein mann i åttiåra skal vere immun mot senile drag...(26)


Den gongen heldt eg det likevel for sannsynleg at informasjonen til Furubotn i hovudsak kunne vera rett. Men eg kunne ikkje nytta den som belegg til å avklara NKP-oppgjeret i 1949 – primært av metodiske grunnar – og nytta den ikkje i arbeida mine. Ut frå dei dominerande, negative Furubotn-tradisjonane så vel i politiske som i historikarmiljø, visste eg dessutan at eg ville framstå som tendensiøs og useriøs forskar, om eg nytta dette "partsinnlegget".


Hovudproblemet for meg var at eg ikkje fann andre primærkjelder som kunne verifisera eller avkrefta Linderot-gjestinga hos Furubotn. Den avgjerande grunnen til at eg ikkje brukte denne opplysninga var at det heilt til 1996 var uråd for meg å få dokumentasjon om at Linderot hadde vore i Norge og besøkt Furubotn på Ljan etter 1945. Sjølve kjernen i episoden – Linderots besøk – hang på Furubotns påstand. Så lenge Furubotn ikkje kunne datera episoden, kunne den i verste fall vera ei feilerindring – i beste fall ei erindringsforkyvning. Furubotns påstand om at Linderot åtvara han om sovjetisk framstøyt mot han – kunne ha samanheng med tidlegare forhold, som då Linderot var på NKPs landsmøte i 1946. I så fall kasta ikkje informasjonen lys over det som skjedde i 1949. Informasjonen framsto som så usikker at eg la den bort.


Men etter spørsmål til den svenske historikaren Lars Björlin fekk eg greie på at han i 1994–95 var i ferd med å få tilgang på Sven Linderots personmappe i Moskva. Eg spurde om han kunne sjå om det fanst dokument om eit Furubotn-Linderot møte på Ljan etter 1945, eventuelt knytta til spørsmålet om Furubotn som stortingskandidat. Etter eigne funn frå Presidentarkivet i Moskva i 1995 var eg noko skeptisk til at denne gjestinga kunne ha skjedd etter 1948. I Moskva i desember 1948 synte ikkje Linderot seg som Furubotns venn, så sant ikkje Linderots ord var konstruerte av NKVD- eller SUKP-folk. Iallfall skal Linderot ha gjeve informasjon til SUKP-leiinga om at Furubotn var ein nordisk Tito. Furubotn "var" ein kommunistisk Bonaparte som lei av stormannsgalskap, og ville kontrollera den nordiske kommunismen på titoistisk vis.(27) Furubotn-tilhengjarane oppfatta Furubotn som den største marxisten i Vest-Europa.(28) Furubotn kunne "smitta" heile kommunistrørsla – og såleis vera ein fare for Stalin. Trass i dette dramatiske anti-Furubotnvitnemålet som var tillagd Linderot, kunne eg ikkje avstå frå den sjansen Björlin gav meg til kontroll av Furubotns påstand om vennskap med Linderot.


Björlin fann faktisk dokument som fortalde at Linderot vitja Furubotn. For det første fekk vi sikker datering: det skjedde i august 1949. Denne informasjonen baserte seg på eit sovjetisk resymé av ein samtale med nordmannen Håvard Langseth, datert 6. mars 1950.(29) Langseth hadde fortalt at NKP-diskusjonen om stortingskandidatane til valet hausten 1949 hadde gått føre seg utan diskusjon, då fleirtalet i partileiinga stilte opp att dei som hadde stått øvst på listene i 1945. Men då Linderot "besøkte Oslo i midten av august" hadde det blitt uro:


Etter å ha lese og samtykt i Furubotns brosjyre og artikkel "Norge skal leve og ha en framtid som nasjon!" som valplattform, føreslo Linderot å stilla Furubotn som førstekandidat i Oslo i staden for Strand Johansen. Fleirtalet godtok ikkje denne lina.(30)


I tillegg finst det eit samtalenotat frå desember 1951. I materiale frå det sovjetiske utanriksdepartementet informerte svensken Paul Söderman om motsetnader i den dåverande svenske kommunistleiinga. Söderman refererte at den kjende svenske kommunisten Gunnar Öhman sette fram klagemål om at Sven Linderot var titoist:


Öhman grunngjev orda sine med at Linderot to månader før splittinga i NKP reiste til Norge og hadde nokre møte med Furubotn. Det er ingen som til no veit noko om innhaldet i desse samtalane under møta med Furubotn...(31)


Ut frå desse to skriftege kjeldene, nokså samtidige, og på opplysning frå to ulike samtidsinformantar, ein norsk (Langseth) og ein svensk (Söderman), kan vi etablera som sikkert at Furubotn og Linderot møttest i 1949. At månaden var august går òg fram av Södermans datering – "to månader før splittinga i NKP". Splittinga var i oktober 1949, to månader før – det var august.


Drøfting av munnlege og skriftlege kjelder om møte mellom Furubotn og Linderot i 1949

Funn i Sven Linderots personmappe i Moskva viser at Furubotn og Linderot møttest i august 1949 og at eit tema for Linderot var å få Furubotn øvst på NKPs Oslo-liste ved stortingsvalet 1949. Furubotns intervjuopplysningar frå 1971 får med dette ny interesse. Tidspunktet – som Furubotn ikkje kunne hugsa – synest no å vera på plass. Påstanden hans om at Linderot ville ha han øvst på stortingslista er òg verifisert. Dermed har vi etablert sjølve episoden som eit faktum, både ved munnlege og skriftlege kjelder.


Det som står att å avklara er Furubotns referanse til haldningane og tankane til Linderot og han sjølv frå 1949: at Linderot informerte han om at sovjetarane ville ha SKP til å rykkja ut mot Furubotn, dvs. ein sovjetisk framstøyt mot Furubotn var alt under førebuing i august 1949. Furubotns forholdsregel skulle ifylgje Linderot vera å markera seg offentleg som ein "ekte" kommunist – ved å koma inn på Stortinget. Her står vi framfor to vegval: Det eine er å godta Furubotns informasjon på dette feltet, avdi truverdet hans i denne saka er styrkt gjennom funna i Linderot-mappa i Moskva. Det andre er å godta Furubotns tanke-referat berre som den faktiske tankeutveksling som gjekk føre seg mellom dei to skandinaviske kommunistleiarane. Det inneber at vi – i så fall – ikkje kan seia at Linderots frykt grunna seg på anna enn rein politisk "Fingerspitzengefühl", dvs. intuisjon eller spekulasjon om at den sovjetiske førespurnaden var meir enn eit tilfeldig SUKP-utspel. Faktainnhaldet i frykta hans kunne såleis vera lik null, men Furubotns attforteljing av samtalen mellom dei to – korrekt.


Furubotns minne avklarer heller ikkje kva som var det faktiske motivet bak Linderots framlegg: var det oppriktig, avdi han på dette tidspunktet frykta sovjetiske inngrep mot seg sjølv, og trong Furubotn som alliert – ? Eller skulle han lura Furubotn i ei sovjetisk felle – for å gje sovjetarane direkte eller indirekte føresetnader for å gripa inn i ein uakseptabel leiingskamp i NKP om førsteplassen på Oslo-lista ? Moskvamappa til Linderot fortel at Linderot sto under mistanke om å vera tiotist i 1949. Eit sovjetisk dokument frå september 1951 vitnar om Furubotn-sympati hos Linderot. juniorreferent Iljin skreiv for hand:


I midten av februar 1950 fylgde eg Linderot og kona hans til Sotsji på ferie. I jernbanevogna, då dei vart rusa ... begynte Linderot å snakka om splittinga i NKP. Han sa at det var gjort ein feil i spørsmålet om Peder Furubotns eksklusjon frå NKP. Ifylgje meininga til kamerat Linderot gjorde Furubotn sannsynlegvis nokre feil, men generelt er han ein ærleg mann. I samband med dette må ein peika på at Sven Linderot sommaren 1949, endå han då var sjuk, drog spesielt til Oslo og oppmoda NKP-leiinga sterkt til å setja Peder Furubotn øvst på stortingslista ved valet i 1949 – istadenfor Strand Johansen. Som ein veit vart denne tilrådinga frå Sven Linderot avvist.(32)


Avdi sovjetiske og stalinistiske metodar var som ei matrosjka-dokke, dvs. dokke på dokke i dokka, kan vi ikkje heilt utelukka at Linderots framlegg var ein sovjetisk provokasjon. Underskrivne held ei slik fortolking for å vera lite sannsynleg, særleg på bakgrunn av referatet av utsegna til Linderot på veg til Sotsji i februar 1950. l tillegg kjem eit viktig dokument i den sovjetiske personmappa hans – som fortel at han var i Sovjetunionen frå oktober 1949 til februar 1950. Han var med andre ord i Sovjetunionen, då Strand Johansen utløyste Furubotnoppgjeret i NKP Kan det ha vore heilt tilfeldig at sovjetarane hadde Linderot i Sovjetunionen mens NKP-oppgjeret raste, og Furubotn fekk slengt dei mest groteske skuldingar etter seg, som amerikansk agent, trotskist, titoist, Gestapo-agent m.m. – ? Frykta SUKP at Linderot på nokon måte ville solidarisera seg med Furubotn – sidan han truleg hadde avvist å innleia eit oppgjer mot han sommaren 1949? Den danske partileiaren Aksel Larsen gjekk derimot aktivt inn og hjelpte Løvlien å rydda ut Furubotn-tilhengjarane i NKP"(33)


Konklusjonen min blir at Furubotns tankeberetning om innhaldet i møtet mellom han og Linderot i 1949 synest truverdig:


  1. Primært ut frå dei tre skriftlege dokumenta som finst i personmappa til Sven Linderot i Moskva.

  2. Ut frå andre munnlege informasjonar Furubotn har gjeve, informasjonar om Moskva-opphaldet 1930–38 – minne som i 1981 var opp til 50 år gamle. Poenget er at desse informasjonane har blitt verifiserte:

    a) Av andre munnlege informantar uavhengig av han, spesielt av informantar som var politiske motstandarar av han etter 1949, då dei ulike kollektivtradisjonane om Furubotn fekk si form.

    b) Av fleire dokument i Moskva-arkivet, jfr. dokumenta frå året 1931.


Ut frå denne vurderinga av vitneverdien til Furubotn kan vi seia at Furubotn i august 1949 hadde god grunn til å tru at sovjetarane planla ein framstøyt mot han.(34) Men han kjende neppe forma på ein eventuell framstøyt og heller ikkje når den eventuelt ville koma. Det Linderot fortalde han, kunne indikera at denne framstøyten var mogleg å unngå, med mindre Linderot overvurderte Furubotns sjansar til å visa seg som ein akseptabel kommunist i augo til Moskva. Underskrivne tenderer til å tru at Linderots framlegg bygde på ei slik overvurdering.


Dreg vi inn dei få dokumenta vi har frå Presidentarkivet frå 1949, blir brevet frå Grigorijan, leiaren for den internasjonale avdelinga, til Stalin frå 6. august 1949 interessant i denne Linderot-samanhengen. l dette brevet til Stalin vart Furubotn klaga for "prinsipplaus fraksjonsverksemd". Grigorijan føreslo at Løvlien måtte kallast til Moskva for drøftingar om tilhøva i NKP.(35) Dette tidlegare topphemmelege brevet indikerer at Linderot verkeleg kan ha fått nyss om at sovjetarane var i gang med å førebu fjerninga av Furubotn frå NKP-leiinga. Men Linderot har knapt ant noko konkret om korleis – eventuelt bortsett frå at det kunne skje gjennom eit nordisk kommunistparti. Det var ikkje første gongen sovjetarane hadde fjerna ein kommunistleiar utanfor Sovjetunionen gjennom andre vestlege kommunistleiarar. Innleiinga til fjerninga av USA-generalsekretæren Earl Browder i 1946, opna med åtak frå den franske kommunistleiaren Jacques Duclos...(36)


Delkonklusjon om møtet mellom Furubotn og Linderot

Summa summarum blir Furubotns intervjuopplysning om møtet med Linderot i 1949 endå eit moment til å sannsynleggjera hypotesen om oppgjeret i NKP hausten 1949 som sovjetinitiert. Trass i at den som munnleg kjelde var metodisk problematisk, representerte den det spesielle sporet som avdekte samanhengen mellom Furubotn og Linderot. Utan Furubotns minneopplysning ville denne viktige kontakten mellom dei to skandinaviske kommunistleiarane i 1949 truleg aldri blitt oppdaga eller tillagd vekt.


Torolv Solheim og andre hadde åtvara meg mot å "bygge på – og eg vil føye til: utlevere til ein bandopptakar – utsegner frå ein åttiåring om politiske hendingar og personar som ligg om lag eit halvt hundreår tilbake."(37) Ein åttiåring ville vanskeleg vera "immun mot senile drag" påsto Solheim.(38) Ymta om Furubotns opplysningar som forvirra fragment frå ein senil olding fell til jorda etter opninga av Moskva-arkiva i 1992.


Konklusjonar om metodiske problem ved munnlege kjelder til studium av kommunismens historie

I utgangspunktet er vi samde om at det eksisterer spesielle metodiske problem ved studiet av munnlege kjelder, særleg når det ikkje finst tilgjengelege skriftlege kjelder. Det spesielle ved studiet av kommunismens historie, er konspirasjonen som omgav historia til desse partia inntil Moskva opna for innsyn i 1992. Hemmeleghaldstradisjonen gjorde at kontroversielle episodar i kommunisthistoria vart mørklagde, delvis gjennom partidisiplin om å teia om fakta, delvis ved at dokument ikkje fanst eller var utilgjengelege. Dermed vart forskarar på feltet før 1992 ofte tvinga til å ta i bruk munnlege kjelder. Det er likevel ein illusjon å tru at dei metodiske problema ved dei munnlege kjeldene forsvinn, sjølv om skriftlege samtidskjelder dukkar opp. Dei metodiske problema vil alltid vera der – òg når det gjeld skriftlege kjelder.


Poenget er at dokumentfunna i Moskva-arkiva etter 1992 verifiserer nokre av dei munnlege kjeldene som vart samla inn for 20–30 år sidan – og svekker andre. l denne førelesinga har eg vore oppteken av å undersøkja Furubotns truverde som kjelde til delar av den norske kommunismens historie. Trass i hans til tider dårlege minne om tidspunkt, trass i at vi ofte tidlegare berre hadde hans partsversjon, så har stikkprøver i Moskva-dokumenta vist at han har høgt truverde som ei sentral munnleg kjelde til den norske kommunisthistoria.


Sjølv om dei munnlege kjeldene eg i dette tilfellet har nytta, skriv seg frå eit avgrensa felt, dokumenterer desse funna allment at munnlege kjelder, trass i metodiske problem, er heilt avgjerande til å sikra seg faktisk kunnskap om politiske haldningar – abstrakte fenomen – i fortida. Hadde det ikkje eksistert skriftlege kjelder i Moskva – eller hadde dei aldri blitt tilgjengelege – eller destruerte, ville feilaktige oppfatningar blitt "sanne" om den norske kommunismens historie. Mest dramatisk ville dette vera knytta til Peder Furubotns person som langvarig leiar i den norske kommunismens historie. Han ville truleg for lang tid gått inn i historia som ei superstalinistisk fyllebøtte og ein senil olding. Intervjua av han og tilhengjarane hans ville bli ståande som nesten verdilause.


Moskva-arkiva har avliva denne norske mytedanninga – som marginaliserte kjeldeverdien til Furubotn-informantane. Dei har dessutan demonstrert at munnlege kjelder kan vera av grunnleggjande betydning for å skriva ei balansert og realistisk historie. Innsamling av munnleg informasjon frå informantar som "tidsånda" marginaliserer eller stigmatiserer, kan såleis vera eller bli – sentrale korrektiv til historikarmiljø som held seg til konvensjonelle, skriftlege kjelder.


Studiet av kommunismens problematiske historie gjennom munnlege kjelder har legitimert at slike kjelder har høg verdi for å rekonstruera ikkje berre episodar, men òg politiske haldningar 40–60 år tilbake i tida. Funna av "fasiten" i Moskva-arkiva i 1992 viser at det alt i 1981 var grunnlag for å skriva som eg den gongen gjorde:


Vi kan gjerne seia at ein historikar som arbeider med periodar der det lever munnlege kjelder, reduserer den vitskaplege verdien på forskingsresultatet sitt, dersom han ikkje dreg inn dei munnlege kjeldene ... Han kan òg lett koma til å forfalska historia ved å stengja seg ute frå kanskje heilt avgjerande kjelder.


Slik sett kan ein seia om den nyaste tids historie: "utan munnleg historie – inga historie".(39)


Kommentarer på Facebook.


Noter: Metodiske problem ved bruk av munnlege kjelder i studiet av kommunismens historie

1. Mercedes Vilanova, International Oral History, History Workshop, nr 39/1995: 69.

2. Edvard Bull d.y., Muntlig historie: Erfaringer og muligheter i 1981, Retten til en fortid, Oslo 1981: 97.

3. E. Bull d.y., Arbeidermiljø under det industrielle gjennombrudd, Oslo 1972: 11. Sjå dessutan problematisering hos Torgrim Titlestad, Når folket fortel – ei handbok i intervjuteknikk og munnleg historie, Bergen 1982: 36–37.

4. Ibid: 28.

5. Anne Eriksen, Det var noe annet under krigen, Oslo 1995: 168.

6. Ibid: 13.

7. Knut Helle, Historie – hva, hvordan, hvorfor?, Bergen 1990: 30.

8. Knut Kjeldstadli, Fortida er ikke hva den en gang var – en innforing i historiefaget, Oslo 1992: 41.

9. T. Titlestad, op. cit.: 1982: 29–30.

10. Øivind Vestheim, Russlandsfarten. Minner som kjelde til studie av vandringer, Muntlige kilder – om bruk av intervjuer i etnologi, folkeminnevitemkap og historie, Bjarne Hodne, Knut Kjeldstadli og Göran Rosander (redaktører), Oslo 1981 : 156.

11. Knut Kjeldstadli, op. cit.: 1992: 41.

12. Bret Eynon, Cast Upon the Shore: Oral History and the New Scholarship on the Movements of the 1960s, The journal of American History, nr 2/1996: 560 – "Since the early 1990s, however, the pac of publication on most aspects on this topics has ended. Why this decline? ... 561 – "Why isn't this field showing greater vitality?" Forfattaren viser til at innsamlinga av munnlege kjelder synte seg å vera mykje meir krevjande enn tilhengjarane av munnleg historie meinte, då dei sette i gang prosjekta sine på 1970-talet. Verksemda er både vanskeleg i seg sjølv (relasjonar til intervjuobjektet, traumatiske forhold hos informantar m.m.), tidkrevjande og krev omfattande arbeidsinnsats vedrørande avskrifter og lagring. Eynon konstaterer og for lite vektlegging av metodisk arbeid med det munnlege kjeldespørsmålet: 561 – "the intelleccual challenge of using oral memoirs skilfully to raise and address important analycical questions..." 562 – "Rather than raising intriguing questions about consciousness, context and change, the books of the 1980s often presented closed narratives in which the story was familiar and the answers known. This message of closure may have contribuced to the Jack of vitality observable in the field today".

13. T. Titlestad, Munnlege kjelder og politikk, upublisert skrift, Stavanger 1983, 83s.

14. Sjå T. Titlestad, Makt og avmakt – om korleis ein politisk leiar byggjer og taper makt – Peder Furubom, NKP og SUKP 1945–49, Bergen 1996: 135, 141–42. Nye kjelder viser at denne tradisjonen, som dei andre, var altfor nyanselaus på dette området.

15. T. Titlestad, op. cit.: 1996: 112.

16. Sjå T. Tidestad, Peder Furubotn – 1890–1938, Oslo 1975: 169, 271.

17. Dokumentet finst i Moskva i Russlands senter for oppbevaring og forskning i nyare historie, forkorta: RTsKhIDNI, fond 529, opis l, djelå 86: 23.

18. Sjå T. Titlestad, op. cit.: 1996: 102–03.

19. T. Titlestad, op. cit.: 1975: 201.

20. T. Titlestad, op. cit.: 1996: 103–04.

21. Ibid.

22. Ibid: 116.

23. T. Titlestad, op. cit.: 1975: 192.

24. Sjå TT-intervju med Kai Moltke, Handermelle, Danmark, den 6.7.1976, intervjuavskrift: 13.

25. Intervju med Peder Furubotn, band nr. 4, august 1971, bandside nr 2, avskriftside 67. Intervjuutdraget er noko redigert, grunna særs munnleg svaremåte.

26. Torolv Solheim, Historieskriving på avvegar, Syn og Segn, nr 5/1978: 2. side i artikkelen hans.

27. T. Titlestad, op. cit.: 1996: 370.

28. Ibid: 354.

29. RTsKhIDNI, fond 495, opis 275, djelå l : "Utdrag fra et materiale, nr 20 113".

30. Ibid.

31. Ibid, Sovjetunionens UDs materiale, op.0160, 4.1.1952, kopi 18.2.1952, Bogomolova, kopi.

32. Ibid, brev frå juniorreferent Iljin til kamerat A. Orlov i Utanrikspolitisk seksjon (Den internasjonale avdelinga i SUKPs sentralkomite), 25.9.1951: 3.

33. Kurt Jacobsen, Aksel Larsen – en politisk biografi, København 1993: 387–388.

34. I to artiklar i VG, 4. og 5.11.1996, skreiv Knut Langfeldt om dertte spørsmålet, og påsto den 4.11. at oppgjeret hausten 1949 ikkje kom overraskande på Furubotn. Ut frå personleg samver med Furubotn og korrespondanse med dottera Magda, hausten 1949 påstår han at Furubotn i oktober 1949 "visste akkurat hva som ville skje. Han hadde ventet i årevis". Det kan vera noko i det Langfeldt her påstår, men underskrivne laut kommentere visse problematiske sider ved nokre av Langfeldts informasjonar, VG den 10.12.1996, Sto Moskva bak?.

35. Presidentarkivet (Stalins kanselli/Politbyråets arkiv), 3-23-226: 20. Sjå desutan T. Titlestad, op. cit.: 1996: 463–64.

36. Sjå Maurice Isserman, Which side were you on? Middletown 1982.

37. T . Solheim, op. cit.: 1978.

38. T . Solheim var då 71 år. Han heldt sjølv fram som aktiv skribent og minneaktør opp i høg alder. Han døydde i 1995, 88 år gammal.

39. T. Titlestad, "Utan munnleg historie, inga historie", Syn og Segn, nr 7/1981: 428.


Kommentarer på Facebook.


Tilbake til artikler